Naturforvaltning er eit saksfelt og eit fagområde som omfattar berekraftig bruk av natur og naturmangfald, friluftsliv, natur- og miljøvern saman med målretta miljøtiltak. Døme på slike miljøtiltak kan vera vern og forvaltning av artar og naturområde, kamp mot svartelisteartar, oppretting og drift av avlsstasjonar for trua artar, kalking av vassdrag mot sur nedbør eller avbøtande tiltak ved arealinngrep.
Fagområdet naturforvaltning spenner over eit breitt saksfelt, og sameiner fleire naturfaglege disiplinar som biologi, økologi, fornybare ressursar og restaurering med samfunnsvitskaplege som geografi, jus, ressursøkonomi og arealplanlegging. Ein person med universitets- eller høgskulegrad innan fagfeltet naturforvaltning blir kalla naturforvaltar eller naturforvaltningskandidat. Naturforvaltarar jobbar gjerne i statleg, regional eller kommunal sektor med saksbehandling, miljørådgiving, arealplanlegging eller utmarksforvaltning. Dei kan også jobba i ideelle organisasjonar, konsulentbransjen eller forsking og undervisning om å løysa miljøutfordringar og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.
Ordet naturforvaltning blir også brukt meir generelt om saksfeltet, der det arbeider mange med annan fagbakgrunn enn studietilboda i naturforvaltning. Døme kan vera juristar, geografar og biologar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.