Mann i rullestol lager mat.

Ergoterapi

Bachelor

Som ergoterapeut arbeider du med menneske i alle aldrar som på grunn av sjukdom, skade eller andre utfordringar har problem med å meistre daglege aktivitetar og delta i samfunnet. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Kvifor studere ergoterapi? 

    Utgangspunktet til ergoterapeutar ligg i menneske sitt behov for å vere i aktivitet. Ein ergoterapeut skal fremje deltaking i meiningsfulle aktivitetar ved å gjere bruk av kunnskap og ferdigheiter om korleis samspelet mellom person, aktivitet og miljø påvierkar aktivitetsutføringa.

    Ved å legge til rette for at ein person eller ei gruppe kan fungere best mogleg i kvardagen, er mellom anna ergoterapeutar nøkkelpersonell innan kvardagsrehabilitering. Aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk og terapeutisk bruk av aktivitet, opptrening, rettleiing, tilrettelegging og tilpassing av aktivitet og/eller omgjevnader, er noko av det som inngår i arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten. 

    Du kan studere ergoterapi ved campus Bergen. 

    Kva lærer du?

    • Å vurdere menneske sin funksjon, aktivitetsutføring og omgjevnader.
    • Korleis bruke behandling, opptrening, tilpassing av aktivitet og/eller omgjevnader eller tekniske hjelpemiddel som trengst i heim, arbeid, skule og fritid.
    • Du har også undervising knytt til aktivitetsteoriar og -modellar, rehabilitering, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, universell utforming, innovasjon, nevrologi, kroniske sjukdommar og grunngiving for intervensjon. 

    Som ergoterapeut arbeider du for å fremje helse, meistring, deltaking og livskvalitet. Dette krev at du har kunnskap om personar sine forutsetningar for aktivitet og deltaking, og derfor kunnskap om mellom anna psykologi, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk, pedagogikk, kommunikasjon og andre relaterte tema.

    Korleis er undervisninga?

    Undervisningsformane vekslar mellom forelesingar, basisgruppearbeid, ferdigheits- og simuleringstreningar, workshops og seminar. Studentaktive læringsmetodar blir vektlagt. 

    Kva gjer ein ergoterapeut?

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Praksis

    • 1. studieår: 3 dagar (introduksjonsveke) + 7 veker
    • 2. studieår: 11 veker
    • 3. studieår: 11 veker

    Du må rekne med reising i fleire av praksisperiodane. Vi har praksisplassar i Vestland og Agder. Du må levere politiattest ved studiestart for at du skal kunne gå ut i praksis i veke 37.

    Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest. 

    Her finn du meir informasjon om praksis for ergoterapi

    Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. og 3. studieår.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i ergoterapi kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

    Utdanninga kvalifiserer også for masterutdanningar ved andre høgskuler og universitet.

    Andre utdanningar du kanskje vil like